Hytter

jolsterturistsenter, skei servicenter, camping, overnatting, hytter, telt,båt,

Vi leiger ut totalt fire høgstandard hytter med bad:

Hytte 1-3

Desse ligg like ved sjølve bensinstasjonen/resepsjonen. Her er det overnattingsplass til totalt 7 personar:

  • eit soverom med dobbelt seng
  • eit soverom med dobbeltseng med køyseng over
  • stove med sovesofa

Alle hyttene er godt utstyrt:

  • bad med dusj
  • kjøkkenkrok med kaffetraktar, steikeplate og oppvaskmaskin
  • stove med sofa, peis og tv.

Ring oss på 577 28 234 for meir informasjon, pris og bestilling. Visst det er ynskje om langtidsleige kan de ringe oss på: 95 81 88 86.

 

 

 

 

 

 

Hytte 4

Overnattingsplass til 10 personar. Hytta er godt utstyrt:

  • kjøkkenkrok med bakarovn, steikeplater, kaffetraktar og kjøleskap.
  • stove med sofa og TV
  • bad med dusj

Ring oss på 577 28 234 for meir informasjon, pris og bestilling.

 

 

 

 

 

 

 

 

Båtar med påhengsmotor

Vi har også 2 båtar på Jølstravatnet som er fine til ein fisketur eller kanskje til å finna seg ein fin badeplass?
Båt 1 ligg ved båtplassen på andre sida av vegen ved Spar ligg. Dette er ein Askeladden (Blå botn).
Båt 2 ligg ved Haugen Camping like vest for Skei sentrum.

Til båtane har vi sjølvsagt redningsvestar som de kan få utleigd. Ring oss på 577 28 234 for meir informasjon, pris og bestilling.